Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

Stranda kommune er organisert i struktur 2-modellsnivå med 14 resultateiningar der einingsleiarane har delegert ansvar for resultatoppnåing når det gjeld økonomi, dagleg drift, fag og tenesteutvikling. Når det gjeld vidare organisering av eininga har einingsleiar mynde til sjølv å vurdere, innan lov- og forskrift og økonomiske rammer, korleis eininga best kan organiserast for å nå dei mål som er sett.
Administrativ leiing:
Administrativ leiing utgjer kommunedirektør og 3 kommunalsjefar. Kommunedirketøren er øvste leiar for administrasjonen og skal sørge for at kommunen vert styrt i samsvar med lov, forskrifter og politiske vedtak. Kommunalsjefane har delegert fagleg ansvar for sine område. Kommunedirektør, kommunalsjef plan og utvikling, kommunalsjef oppveks og kommunalsjef helse og omsorg, økonomisjef og personalsjef utgjer kommunedirektøren si leiargruppe.
Stab/støtte:
Stab- og støttefunksjonane utgjer IKT, økonomi, personal og lønn og servicekontoret.

Laster...