Føremål for arkivplan i Stranda kommune Arkivplanen skal vere retningsgjevande for all dokumentasjon i Stranda kommune. Arkivplanen er ein plan for organiseringa av arkivtenesta, og ei oversikt for rutinane som gjeld etablering, bevaring og bruk av arkiva. Planen skal vere eit verktøy for å kvalitetssikre arkivfunksjonane i kommunen. Arkivplanen skal reviderast når det skjer endringar i organisasjon eller saksgang. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast. Kommunedirektøren har arkivansvaret Det er kommunedirektøren som har det overordna arkivansvaret ( jfr. Arkivforskrifta §1-1) Kommunedirektøren har delegert det administrative ansvaret for arkivet til leiar for servicekontoret og arkivleiar har det faglege ansvaret for kommunen si arkivteneste. Stranda kommune
|