Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Stranda kommune. Målet er at alle som handterar dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finne informasjon om kva retningsliner som må følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivleiar skal ha melding om alle endringar i kommunen med moglege følgjer for arkivet, i god tid før dei vert sett i verk.

 Arkivet har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Oppdatering av arkivplanen skal mellom anna skje når:

  • det skjer endringar i post- og arkivrutinar.
  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel.
  • det vert teke i bruk ny arkivnøkkel.
  • ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon.
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta.
  • det vert oppretta eller lagt ned styre eller utval .
  • det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement.
  • kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen.

Arkivleiar avgjer elles om det er behov for oppdatering av arkivplanen. Særleg er dette aktuelt når:

  • det vert teke i bruk ny versjon av arkivnøkkel .
  • det vert teke i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon.

Arkivplanen vert oppdatert jamleg. Det vert sendt ut melding til dei partar det gjeld, straks ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast.

telefon 464 11 016/70268000 eller e-post birlan@stranda.kommune.no

Laster...