Arkivplanen skal vere retningsgjevande for dokumentbehandlinga i Stranda kommune. Det overordna målet er å få ei kontrollert behandling av post slik at ein heile tida har oversikt over Stranda kommune sin fullstendige dokumentproduksjon. Dette oversynet skal omfatte både arkiverte dokument og dokument som midlertidig er oppbevart utanfor arkivet. Desse retningslinene er i tråd med forskriftene til arkivlova kapittel III. |