Ålesund kommunale legevakt
|
Avtale om kjøp av tenester frå Ålesund interkommunale legevakt mellom Ålesund og Stranda kommune gjeldande for bygdene Geiranger og Liabygda. Ålesund er vertskommune
|
Stranda og Sykkylven legevakt
|
Avtale om drift av legevakt utanom kontortid mellom Stranda og Sykkylven kommune. Sykkylven er vertskommune.
|
Barnevernvakten på Sunnmøre
|
Avtalen omhandlar tenesteområde interkommunal barnevernvakt for kommunane på
Sunnmøre. Målet er å ivareta akuttberedskapen i barnevernet i desse kommunane døgnet rundt. Ålesund kommune er vertskommune
|
Krisesenter på Sunnmøre
|
Avtalen er inngått med heimel i kommunelova, kapittel 20, jf. §§ 20-2 og 20-4 og lov om kommunalt krisesentertilbod(krisesenterlova). Ålesund kommune er vertskommune
|
Møre og Romsdal Revisjon SA
|
Møre og Romsdal Revisjon SA er ei sjølvstendig revisjonseining organisert som eit samvirkeforetak, som utfører finansiell revisjon, forvaltningsrevisjon og andre revisjonstenester for fylkeskommunen og 20 kommuner på Nordmøre, i Romsdal og Nordre Sunnmøre, i tillegg til revisjon av kommunale foretak og selskaper. Hovudkontoret ligg i Kristiansund og avdelingskontor i Ålesund, Molde og Surnadal. Selskapet sitt formål er å styrke revisjonen sin fridom, kvalitet og effektivitet. Selskapet skal sikre medlemskommunane ein heilskapleg revisjon i eigen regi, og selskapet har ikke erverv som formål.
|
Sunnmøre Kontrollutvalssekretariat IKS
|
Kommunane Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven og Ålesund har med heimel i lov om interkommunale selskap oppretta eit interkommunalt sekretariat for kontrollutvala med namnet: Sunnmøre Kontrollutvalsekretariat IKS
Formålet med selskapet er: Sikre sekretariatstenester til kontrollutvala i deltakarkommunane.
|
Sunnmøre Regionråd IKS
|
Sunnmøre Regionråd er eit eige juridisk organ og samarbeidsorgan for 17 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal, organisert som IKS. Sunnmøre Reginoråd skal bidra til å skape ei positiv utvikling i medlemskommunane og i regionen.
|
Interkommunale arkiv Møre og Romsdal IKS
|
Selskap som er eigd av kommunane og Møre og Romsdal fylkeskommune. Selskapet skal arbeide for at arkivmateriale frå medlemmane blir teke vare på og gjort tilgjengeleg for offentleg bruk, forsking og andre administrative og kulturelle føremål, i samsvar med arkivlova. Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal har arkivansvaret.
|
Åknes Tafjord IKS
|
Åknes Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) er eit interkommunalt selskap eigd av fleire kommunar. Selskapet er oppretta med bakgrunn i kommunane sin risiko for fjellskred frå Åkneset og Hegguraksla. ÅTB sitt formål er å drive og vedlikehalde befolkningsvarslingssystem for fjellskred og tsunami, arbeide for eigarkommunane innanfor beredskapsplanlegging, befolkningsvarsling, og elles ivareta eigarkommunane sine interesser innan fjellskredberedskap. Åknes er ansvarleg.
|
Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS
|
Miljøselskapet ÅRIM har ansvar for innsamling og gjenvinning av avfall og slam i Ålesundregionen. Selskapet driv ni miljøstasjonar og har årlege innsamlingar av miljøfarleg avfall i nærområda til innbyggjarane.
ÅRIM er eit kompetansesenter som driv haldningsskapande arbeid for å auke kunnskap om miljø, gjenvinning og avfallshandtering. Selskapet legg vekt på miljøvennleg og effektiv drift, og er eigd av sju kommunar.
|
Samarbeid barnevern
|
Avtalen er inngått med heimel i Kommunelova kapittel 20, jf. §§ 20-2 og 20-4 samt Lov om barneverntenester § 2-1, 3. ledd mellom Stranda og Fjord kommune. Samarbeidet er eit administrativt vertskommunesamarbeid og mynde blir delegert til vertskommunen Stranda
|
Samarbeid om opplæring av feiar/brannforebyggar
|
Avtale mellom Stranda og Fjord kommune om opplæring av feiar/brannforebyggar i Fjord kommune. Arkivansvarleg er Stranda kommune.
|
Samarbeidsavtale brann og redningsteneste
|
Avtale mellom Stranda og Fjord kommune. Formål Avtalen vil også vere grunnlag for eit tettare samarbeid framover med felles brannkorps. Avtalen er i hovedsak ein del av eit brann- og redningsvesen sine oppgåver innan administrativt arbeid, leiing, sakshandsaming, beredskap, førbyggande arbeid og tilsyn med særskilde objekt. Stranda kommune er vertskommune.
|
Interkommunalt overgrepsmottak
|
Samarbeidsavtale mellom kommunane på Sunnmøre og Helse Møre og Romsdal - Ålesund kommune er vertskommune
|
IUA - interkommunalt utval for akutt oljeforureining.
|
Denne interkommunale beredskapen er dimensjonert for å handtere mindre akutte utslipp. Ålesund kommune - ved Ålesund brannvesen KF er vertskommune for IUA samarbeidet for Sunnmøre.
|
Samarbeid kommunale veterinærtenester
|
Stranda og Sykkylven kommune har i lang tid samarbeidd om ei støtteordning for veterinærtenesta i dei to kommunane og er ei kommunal støtteordning. Denne avtalen regulerer forholdet mellom Sykkylven kommune og Stranda kommune når det gjeld samarbeidet om kommunale veterinærtenester. Avtalen byggjer på vedtak dei to kommunestyra har gjort om slikt samarbeid .
|
Veterinærvakt
|
Stranda deltek saman med Giske, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula i Stranda og Ålesund veterinærdistrikt etter eigen avtale med Stranda kommune på bakgrunn av eigen rammeavtale gjennom KS. Stranda kommun er vertskommune
|
Kjøp av barnehageplassar
|
Avtale mellom Stranda og Fjord kommune om kjøp av barnehageplassar for born busett i Liabygda . Fjord kommune er vertskommune
|