Arkivtenesta i Stranda kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for heile organisasjonen og det faglege ansvaret for kommunen sine arkiv er delegert til arkivleiar.
Den sentrale arkivtenesta brukar Acos WebSak til sak-/arkivsystem, systemet er Noark 5 godkjent, og alle arkivdelar er pr 01.01.2019 fullelektronisk.
Stranda kommune har felles post- og skjemamottak som er lagt til servicekontoret. Post til de ytre einingane vert sortert og distribuert via sak/arkivsystemet (arkivverdig).
Journalføring, administrativ og politisk saksbehandling skal foregå i sak/arkivsystemet. Unntak er saker som vert journalført i eigne fagsystem, som t.d. klientsaker, pasientsaker osv.
Arkiv som er produsert i andre fagsystem, pasient, klient m.m. er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidler i saksbehandlinga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk.
Stranda kommune er godt i gong med fullelektronisk saksbehandling og arkivering i fleire av sine arkivsystem.
Sentralarkivet fører post for følgjande:
- Kommuneleiing, stab og servicekontor
- Kommunalteknikk/næringsavdeling
- Kultur og fritid
- Helsteneste
- Sosialteneste
- Skular
- Barnehagar
- Pleie og omsorg
Journalføring som gjeld klientar og pasientar vert ført i eigne fagsystem.
I tillegg er desse knytt til sentralarkivet:
- Stranda Hamnevesen KF
- Åknes Tafjord Beredskap IKS
Laster...